UNIKT KONSEPT FOR SUNNE OG BÆREKRAFTIGE PRODUKT
Til kassen
Totalt: 0
Handlekurv / 0 produkter

Handlekurven er tom

Usikker på hvor du skal starte?
Se våre nyheter
TOTALT 0,-
UNIKT KONSEPT FOR SUNNE OG BÆREKRAFTIGE PRODUKT

OM OSS

Polargodt AS er eit resultat av familien Klungsøyr Karlsen sitt engasjement i arktiske farvatn. Det ukjente ishavet har drege mang «ein mannj» ut nettopp hit.
I 1898 drog dei fyrste mennene frå Tjørvåg på fangst til ishavet for å fangste på dei store ressursane i Vesterisen.  
Fire generasjonar seinare vart Polargodt AS etablert av Arnfinn John Klungsøyr Karlsen, som hadde sin fyrste ishavstur då han var 17 år gamal.
 
Arnfinn John Klungsøyr Karlsen . Privat bilete, fotograf: Katrin Torvholm.

 

Å ta vare på dei ressursane vi er satt til å forvalte på ein berekraftig måte er særs viktigt. Dette er ein av berebjelkane som Polargodt AS er tufta på.

Frå hausting, produksjon og forsking, til drift av eit selskap som skal basere seg på naturens grøde, krev at føtene er godt planta på jorda.

Ikkje minst, må ein vere klar over – at ein driver på naturen sine premissar – på godt og vondt med verforhold og forvaltning.

Arnfinn hevdar at selskinn kan brukes til alt...

 

Etter mange opphald og engasjement på nord-Grønland, vart ein kjend med grønlendarar og deira historiske fangstkultur.

Vi har fått tilført mykje kunnskap frå menneska som lever der; korleis dei tek vare på det dei haustar og korleis dei brukar det – noko som er utruleg givande.

 

Fotograf: Silas Kleist, Kungmiut, Grønnland, privat bilete.

 

Vi har tatt med oss denne kunnskapen heim, og prøvd etter beste evne å tilføre dette inn i dagens "moderne" forhold.

Dette bidreg til at vi alle kan få ta del i dei flotte og helserike ressursane, som normalt er utilgjengelege for folk flest.

 

Eit direkte resultatet av dette, er blant anna vår velkjente Polarolje®, ein Omega 3-rik selolje slik markedet kjenner den i dag.

 

Polargodt AS var den fyrste som lanserte eigenprodusert selolje i Norge, og har fram til i dag bidratt blant anna med olje til fleire viktige forskingsprosjekt.

Vårt produksjonsanlegg ligg i Tjørvåg, Herøy Kommune, på Sunnmøre.

Vi har sidan starten arbeida tett med forskingsmiljø, forbrukarar og myndigheiter i inn- og utland.

I bloggen vår vil du få ta del i vår historie og engasjement. Vi skal alltid etterstrebe å gjere det betre og trygt for deg å handle med oss.

 

Vi tilbyr i dag produkt for menneske og dyr i fleire variantar. 
 

 

"Felles for våre produkt, er at dei vert hausta og produsert med respekt for naturen. Samstundes tek vi tradisjon, kultur og kunnskap inn i framtida"

Arnfinn J K Karlsen, leiar

Illilussat, Grønnland  Fotograf: Arnfinn J K Karlsen