Meny
 
Mini handlevogn
Tom handlevogn

 
 
Polarolje -
ein helsesensasjon

Polargodt var dei fyrste som satsa og bidrog i utvikling av selolje slik det norske markedet kjenner det i dag.

Vi har meir en 20 års erfaring med produksjon og samarbeid med forskningsmiljø omkring selolje.

Våre kunders tilbakemeldingar gjer at vi fortsatt satser.

Selolje i media

Det starta på ishavet

Arnfinn Karlsen - Dagleg leiar i Polargodt AS
Arnfinn Karlsen - Dagleg leiar i Polargodt AS

Polargodt AS er eit resultat av familien Klungsøyr Karlsen sitt engasjement i arktiske farvatn. I 1898 drog fyrste fangstskutene frå Møre på ekspedisjon til ishavet for å fangste på dei enorme ressursane i nordområda.

Fire generasjonar seinare vart Polargodt AS etablert av underteikna, med tanke på å optimalisere utnyttinga av ressursane i ishavet. Tanken på å utvikle produkt basert på sel, modnast gjennom fleire år som fangstmann i isen.

Gjennom vårt selskap Polargodt AS har vi i fleire år arbeida aktivt inn mot fiskerimyndigheiter og forskningsmiljøet i Noreg, for i samarbeid med desse kunne skape ei næring som utnyttar ressursane på ein forsvarleg og optimal måte.

Dette har resultert i fleire produkt, blant anna den reine Polaroljen, som viser oppsiktsvekkjande resultat som kosttilskot for både menneske og dyr.

Skinnet som er til overs etter denne prosessen vert sydd om til puter, panneband, tepper, sko m.m.

Det er viktig for oss å utnytte heile selen i prosessen slik at vi kan tilby deg den revolusjonerande helseeffekta som seloljen har, i tillegg til å nytte det vakre skinnet til selen på ein fornuftig og forsvarleg måte.


Kontakt Oss
facebooklogo.jpg

Polargodt AS
6070 Tjørvåg
70084262
firmapost@polargodt.no